Om Ål
Ål-dagen laurdag 25. juli 2009
Midt under Hallingtreffet går Ål-dagen av stabelen. Laurdag 25. juli skapar handelsstanden i Ål liv og
røre i Ål sentrum, Sundre. Her er mange aktivitetar for borna, og ei rekkje salsboder med lokale brukskunstprodusentar og gode tilbud i butikkane. www.al.no. Deltakarar frå Hallingtreffet bidreg
med speling, noko som blir sett stor pris på av dei som besøker Ål-dagen.
Sommar i Ål
Ål er ei triveleg bygd med ein vill, vakker og mektig natur. Nærheit til naturen er viktig både for dei som kjem på besøk og dei som bur her. Her har du alt du treng for aktive dagar med familie og vener, eller for ei stille stund aleine.
Kultur- og friluftskommunen Ål
Sommardagar i kultur- og friluftskommunen Ål byr på museum, galleri, utstillingar og arrangement. Du kan ha fysiske utfordringar og rekreasjon i storslått natur, og nærkontakt med tradisjonar, folk og dyr i levande stølsgrender. I Ål finner du attraksjonar som Torpo stavkyrkje som er Hallingdal sin eldste bygning frå 1192, Ål kulturhus som er dalen sin regionale storstove og Ål bygdemuseum som er bygd opp rundt eit freda gardstun frå 1600-tallet. Les meir på www.al.no
Ål Turistinformasjon
Ål Kulturhus
Tlf: 32 08 10 60 post@alturistinfo.no
www.al.no